|
|
Etnemarknaden 2011
|
05.08.2011
kl
21.00
|
m/Gunnar Toft Ork. Bjørn Eidsvåg og deLillos
|
Konsertscenen
Etnemarknaden
|
50+
Billettsalg avsluttet
|
|
05.08.2011
kl
21.00
|
2-dagerspass - fredag og lørdag
|
Konsertscenen
Etnemarknaden
|
50+
Billettsalg avsluttet
|
|
06.08.2011
kl
21.00
|
Med Jitney, Kvelertak og Datarock
|
Konsertscenen
Etnemarknaden
|
50+
Billettsalg avsluttet
|
Kveldskonsertar Etnemarknaden 2011
Gunnar Toft (Fredag 5.august kl.20.30)
Minstemann av dei 3 musikerbrørne med etternamn Toft i frå Haugesund er nok den minst kjente, men ein skal ikkje sjå vekk i frå at han kanskje er den mest begava. Dette får me sjangs til å vurdera når han på fredag 5.august varmar opp for Bjørn Eidsvåg og deLillos på konsertscena i Etne. Han og bandet kjem med engasjerande låtar på dialekt og med tekstar til ettertanke. Musikalsk ligg dette i eit forholdsvis nerpå folk/ pop landskap.
Bjørn Eidsvåg (Fredag 5.august kl.21.30)
Ja kva skal ein seie.. «Folkekjær» er vel det første ordet som kjem til ein når namnet til ein av Noregs mestselgande artistar gjennom tidene vert nemnd. Bjørn har hatt ei fantastisk, 40 år lang karriere fylt med hitar på rekke og rad. Og det ser ut for at Bjørn berre vert betre med åra. Me kan ikkje anna en å glede oss stort til å oppleva rockepresten med sitt fantastiske band på scenen i Etne.
deLillos (Fredag 5.august kl.23.30)
Me er særs stolte over å kunna presentera eit av Noregs viktigaste band gjennom tidene. deLillos må vel kunne seisast å være ei suksesshistorie utan sidestykke, og nærare presentasjon skulle være unødvendig.. Med ny plate rett rundt hjørnet kan 2011 verta endå eit stort høgdepunkt for DeLillos si talrike fanskare. Det er ei stor ære og glede å kunne ønske deLillos velkomne til Etne.
Jitney (Laurdag 6.august kl 21.00)
Det fremadstormande bandet ”Jitney” frå Odda er klare som support til Kvelertak og Datarock på laurdagskvelden i Etne. Etter at me for nokre år sida høyrde desse purunge gutane spele skjorta av dei fleste med (pop)rockʼen sin har dei no fått modnas endå litt meire, og tida er no inne for å sleppa dei laus på publikum i Etne. Det vil overraska oss stort om ikkje dette er musikarar me vil høyre meire om i framtida.
Kvelertak (Laurdag 6.august)
Kanskje det mest omtala bandet i Noreg for tida. Det har hagla med utmerkelsar, nominasjonar og Statoilmillionar over Kvelertak siden dei kom med si debutplate i 2010. Med spelejobbar på dei største klubbane og festivalane både her til lands og i utlandet har det rett og slett tatt fullstendig av for bandet. Me syntes det var på tide at dei fekk koma heim og verta profetar i eiga bygd. Med Bjarte Lund Rolland frå Etne og Erlend Hjelvik frå Vikedal i spissen er det duka for eit hardtslåande fyrverkeri av dei sjeldne.
Datarock (Laurdag 6.august)
Ein skulle tru at det ikkje var plass til fleire rosiner i pølsa, men med bookinga av Datarock er Etnemarknaden sikra eit av dei beste livebanda som nokonsinne har sett ljoset her til lands. Med sin energifyllte og dansbare «discorock», og eit hinsides bra liveshow kjem dei joggedresskledde bergensarane til Etne for å setje fyr på publikum. Datarock er forøvrig ei av norsk musikk si største eksportvare, og bandet har turnert i heile 33 land og 4 kontinenter. For å setje det heile endå litt meire i kontekst, nemner me også at Datarock sin musikk er nytta i eit uttal filmar, tv-seriar, playstationspel og i brandinga av store merker som Samsung, Apple, CocaCola mm. Bandet er leia av frontmann Fredrik Saroea som kom med denne uttala i forbindelse med bookinga: «Vi gleder vettet av oss til å endelig få oppleve Etne, den skjulte juvelen som blant annet har unnfanget idolet vårt, Ivar Bjørnson fra Enslaved!»
Obs!
Konsertane har fri aldersgrense, men born under 15 år må ha med vaksen og edru person over 25 år. Konsertscena i år er inne på marknadsområdet ved siden av det nye kulturhuset.
Billetter kan fås kjøpt på Scanticket-kommisjonærer og ved inngangen, og billettbekreftelser kan byttes inn i billett hos kommisjonærer og i billettluka til Etnemarknaden
Kontakt Etnemarknaden: post@etnemarknaden.no www.etnemarknaden.no
|
|